VELKOMNE TIL SYLTEFJORD

Velkomne til heimesida vår

HUSBASAR 20. SEPTEMBER

Søndag 20. september prøvar vi å ta att husbasaren vi skulle hatt i vår. 

OPPUSSING OG NEDVASK

(25.05-20) Vi i krinsstyret har no sparkla og pussa veggane inne i bygdehuset. Inste veggen er ferdigmåla, medan langveggen på oppsida har fått på to strøk grunning. Så skal det to strøk måling og deretter følgjer ein dugaleg nedvask etter alt støvet frå sparkelpussinga. Det ser ut som det er svært få andre som vil ta seg tid å hjelpe oss eit par timar ein kveld, men om ikkje før, håpar vi fleire vil melde seg å ta eit tak med nedvasken, slik at vi vert ferdige til jonsok og kanskje kan ete oppsussingsgraut i nymåla lokale?


ÅRSMØTE 2020 OG HUSBASAR

Søndag 1. mars 2020 vert det årsmøte. Ta turen om du har lyst å verte informert eller kome med innspel. Gratis kaffi og litt attåt. Vi har også fått på plass styre, så du slepp å risikere å verte vald 😀 Søndag 15. mars vert det så husbasar. Vi håpar bygda vil støtte opp på sedvanleg flott vis med å hjelpe oss med kaker/rundstykke og gevinstar, anten til bok eller årar. Ta kontakt med styret så snart som råd om du vil bidra, slik at vi får oversikt.

Vi nemner dessutan strikkegjengen som har vore i sving med strikke-/trivselskveldar ein torsdag kvar månad, og som no i felleskap vil få ferdig eit flott, strikka teppe som hovudgevinst. 13. februar møtte det tjue stykke. Neste kveld vert torsdag 12. mars, og her kan kven som helst ta turen innom for berre å prate, eller ha med strikketøy og anna.

ÅRSMØTE 2018

Søndag 31. mars klokka 18 vert det årsmøte på bygdehuset. Ta turen innom og kom med innspel på kva krinsstyret og vi som bur her bør ha føre oss i året som kjem, eller berre for å høyre på og få informasjon. Vi set pris på at folk engasjerer seg med både ris og ros, framfor at det berre vert laust prat på bygda. Dessutan vil det vanke både ein kaffikopp og eit kjeks. Kanskje eit søtt kjeks også? Du er uansett hjarteleg velkomen.

FØRJULSKAFE SØNDAG 25. NOVEMBER

Søndag 25. november kl 16 vert det som tradisjonelt førjulskafé. Leikarringen med Ann-Kristin vil kome på besøk. Det vert loddtrekning, mat og kaffi og premiering i Fjelltrimmen. Vel møtt!

FJØRERYDDING

Laurdag 5. mai er den internasjonale strandryddedagen. Frå 3. - 8. mai vil kommunen også plassere ut containerer for marint avfall. Vi hadde håpa å få ein av dei ved bygdehuset, men slik det ser ut vert den næraste på Salgnes. Syltefjord krinsstyre oppmodar alle til å delta i dugnaden. Du kan anten ta ein av dagane til å ryddde "di" fjøre, eller delta i ei felles økt fredag klokka 18. Då satsar vi først og fremst å ta frå Bøstranda og innover mot Bogen. Ca ein time med rydding frå 18 - 19, og så spanderer Svein og Marit kaffi på gamleskulen. Blir du med?

HUSBASAR 7. APRIL 2018

Laurdag etter påske er det husbasar att. Vi håpar som vanleg at bygdefolket støttar opp med gevinstar og svært gjerne også kaker/mat. Det er i så fall flott for planlegginga at vi får vite dette før onsdag 5. april. Vis at du bryr deg om bygdehuset og samlande aktivitet i bygda. Viss fleire hjelper til, går alt så mykje lettare.

FØRJULSKAFE 3. DESEMBER

Førjulskafeen vert i år søndag 3. desember. det ser ut som vi får ei av dei kjekkaste jenetene i Vanylven til å kome og synge litt for oss. Elles vert det som vanleg premiering i fjelltrimmen, mat og kaffi, og høve til å vinne ribbeside, laks eller kransekake for heldige loddvinnarar.

MIDTSOMMARTRIM, JONSOKFEIRING

Midtsommartrimmen vår vert i år onsdag 21. juni. Start frå bygdehuset. Trimmen er open for alle som vil vere med. Tre løypealternativ:

1.Start frå 17.30: Vidnesstøylen og ned Skjervheimsdalen til Lisjebøen og attende til bygdehuset. (Skulle det verte slitsamt for nokre, spesielt born, å gå vegen attende, kan vi ordne bilhenting på Lisjebøen/ i dalen). Turen tar med roleg gange rundt 2,5 time. Drikkestasjon på Støylen. For dei som vil teste forma er det framleis opplyste treningstider på under 1 time ti minutt som gjeld (sub 30 på støyl, ca 45 i Skjervheimsdal).

2. Start frå 18.00: Fram til Lundehaugen, opp Kleiva til Syltedalen, heimatt vegen ned Brekka og attende til bygdehuset.

3. Start frå 18.00: Fram Lundehaugen, over "Millabrua" til Brekke og attende til bygdehuset. Denne turen kan også gåast med barnevogn.

Det vil vere ei deltakaravgift for vaksne kr 50,-, born kr 20,- og familie kr 100,-   

Deltakarane får utdelt pins etter trimmen v/registrering.
Det vert trekning av diverse premiar jonsokaftan.
Kaffi
, saft, kake ved bygdehuset etter trimmen. 

Det vert elles jonsokfeiring på vanleg vis på bygdehuset fredag med graut, tombola, kaffi/kaker og bålbrenning. Bålet er litt lite enno, som nokon har tilfang, kontakt Frode Sylte eller andre i krinsstyret.     
    
                

       

ÅRSMØTE 8.MARS KL.18.00

Velkommen til årsmøte i krinsstyre onsdag 8.mars kl.18.00 :)

HUSBASAR PÅ BYGDEHUSET 18.MARS KL.16.00

Det er snart klart for årets Husbasarlørdag 18. Mars kl.16.00😊
Då kjem Maria Nordal og Sander Wefring og spelar til oss på kornett og trommer. Dei gikk vidare på årets UKM, og er kjempeflinke unge talenter😊

Vi går med loddbøker i disse dager, og vil ha åresalg på basaren. 
Vi har i mange år vore velsigna med ei enorm giverglede frå bygdefolket, til denne basaren, TUSEN TAKK FOR DET😊

Vi treng også iår endel gevinster, så viss du vil sponse oss med det, OG/ ELLER ei kake, send en SMS til Beate H Aasen, tlf: 412 35 204.

På førehand Takk😊

Mvh Sylte Krinsstyre

OPNING AV TRIMROMET

Søndag mellom 17 - 18.30 legg vi opp til ei lita markering av at trimromet no står klart. Vi inviterer alle som har lyst til å kome og sjå korleis det har vorte. 

For dei som har lyst å bruke romet, legg vi i år opp til prisar på kr 200 for halvåret, eller 400 for resten av året. Kr 20 for ein enkelt gong.

Vi held på å få på plass ei betalingsordning med betalingssystemet Sping. Elles går det an å betale inn på konto 3972 2036860.

Om nokon har lyst til å ta ein tur berre for å gjere seg kjent med apparata og sjå om dette er noko ein vil gjere seg nytte av, kontakt Ole Magne.

Meir info kjem. 

FØRJULSKAFÈ 27. NOVEMBER

Søndag inviterer vi på nytt alle til førjulskafé på bygdehuset. Det vert underhaldning ved Syltedalen sin ungdom og ikkje fullt så ungdom. Andrea og Maren syng, Marie Lovise og Asle Geir syng, les dikt og signerer bøker. Premiering fjelltrim, mat og kaffi, loddtrekning.

Vel møtt!

BASAR 2. APRIL

Laurdag kl 16 er det klart for husbasar att. Vi trur heller ikkje denne gongen at vi får Anne Britt til å synge duett med Ole Magne. Kanskje er det meir sjanse for at Steinar vil lese frå boka Mine 3 000 beste vitsar, men mest sannsynleg får vi nøye oss med god prat og kjekt samvære rundt borda. Vi trur mange set pris også på det og håpar på godt oppmøte. Så vert det sjølvsagt loddtrekning, mat og kaffi, og om fleire har gevinstar dei vil gje eller hjelpe oss med rundstykke/kake, set vi pris på det, men ber om at ein er snare på ta kontakt.

ÅRSMØTE

Årsmøte i Syltefjord krinsstyre vert i år onsdag 10. februar kl 18. Vi opplever at mange har idear og synspunkt på krinsstyret sitt arbeid, og på årsmøtet har alle høve til å kome med innspel, noko vi vil setje pris på. Så ta deg ein tur og få med deg årsmelding og diskuter planar vidare.

Av dei er å få lage til trimrom i andre høgda. Har du tankar om dette eller anna, så ta gjerne turen og la oss få høyre dei.

RYDDESAL SØNDAG

Søndag 31. januar klokka 16.00 vert det ryddesal i andre høgda på bygdehuset. Vi vil få ut mest muleg av biblioteket, så alle som vil ha seg ei billeg bok er hjarteleg velkomne. Vidare vil vi selje instrument, dei fleste brukte og ikkje i så god stand, men til svært rimeleg pris. Vil du sikre deg ei uniform som minne, eller til andre føremål, har vi også rikeleg av det. Det ligg også nokre heilt nye instrument, særleg tre ubrukte althorn til sals.
Vidare sel vi ut ein del høvlebenkar til dei som vil gje mest. Startpris 400,- og råd å by over fram til klokka 17.00.
Vi sit også inne med mykje asjettar, tefat, bestikk og ein del koppar. Elles vil det vere ulikt å finne av alt frå utslagsvaskar og
pærehaldarar til bilete, kart, skap, verktøy og hyller.
Det vil dessutan vere sal av kaffi, brus og vaflar i salen nede, så vi trur på ei kjekk stund og rikeleg råd å prate om gamle minne etter å fått friska opp slike gjennom å sjå tinga i overetasjen
.

JULETREFEST 3. JULEDAG

Søndag 27. desember inviterer vi til ei enkel samkome på bygdehuset kl 16. Vi legg som før om åra opp til at kvar enkelt tar med seg litt frå kakebordet. Det går fint an på berre smørje litt julebrød med ost, men du er uansett velkomen til prat, kaffi og litt juletregange. Kanskje dukkar også nissen opp??

JULEVERKSTAD 30. NOVEMBER

Måndag 30. november inviterer vi til juleverkstad att frå kl 17.30 - 19.30. Vi tar 50,- i inngangspengar, inkludert ein "startpakke". For dei hurtigarbeidande vert det råd å kjøpe ekstra materiell. Ta elles gjerne med tome glas til lyktelaging, apettittsildeglas skal vere best. Og gjerne gamle serviettar til decoupage.

Vi håpar mange vaksne/eldre tar ein tur innom og hjelper til, og så vert det sal av kaker, kaffi, saft, brus, slik at vi som vanleg trur på ei hyggeleg stund også med kos, prat og aktivitet.
Du må gjerne stikke innom også om du ikkje har born/ borneborn på verkstaden.

Bilde ligg no under Fotoalbum til venstre på sida.

FØRJULSBASAR 28. NOVEMBER

Laurdag 28. november kl 16 inviterer vi til førjulsbasar att. Vi har vore så heldige å fåm hit Marita Bødal til å synge litt for oss. Så vert det utdeling av premiar i fjelltrimmen, og sjølvsagt mat, kaffi, loddtrekning og kjekt samvære.

HAUSTFEST 17.OKTOBER

FESTEN ER DESSVERRE AVLYST PGA FÅ PÅMELDTE. VI TEK DET ATT EIN ANNA GONG😀

Neste laurdag byr vi på ny inn til haustfest på bygdehuset. Nils Petter Nes vil også i år stå for musikken og det vert kjekt. Hugs å melde deg på, seinast eit par dagar før, så vi får oversikt. 
Tradisjonen tru startar vi med eit måltid gjennom matspleis, der det har vore mykje god og variert mat. Alle kan ikkje diske opp med velsmakande hjortegryter, heimelaga pizza, flotte salatar eller eggerøre, men ikkje la dette skremme noken. Kom med det du får til; reker, spekemat, kjøp noke kylling, røykt laks, ei kake? Det viktige er å få eit koseleg måltid i lag frå ca 20.30 -21.30, før dei som vil svingar ut att kaloriane på dansegolvet.
Spre gjerne dette på facebook til dine venner og alle som du kjenner.
Inngang 250,-
Vinlotteri.   
                                         


NY FJELLPOST

Før jonsok vart det sett opp ny boks på Middagshornet, vest for Sætrevatnet, ca 50 minutt jamn gange frå Kilebrekka. Klikk på bildet for å sjå større kart med pil. 

MIDTSOMMARTRIM OG JONSOKFEIRING

Sjølv om ikkje så mykje tyder på det til no, nærmar vi oss midtsommar. Som tidlegare år legg vi opp til midtsommartrim. Denne vert i år på måndag 22. juni, med start klokka 18. 

Dagen etter vert det sedvanleg jonsokfeiring med graut og bålbrenning. Bålet er framleis slik at om nokon har bidrag tar vi i mot dette.


MIDTSOMMARTRIMMEN 2015

Å trimme litt gir god graut-apetitt. Midtsommartrimmen er tre trimturar av forskjellig grad, for einkvar smak, og folk frå alle bygder er velkomne å delta. Det vert registrering frå klokka 17.45 og start klokka 18.00

1. Vidnesstøylen, Skjervheimsdalen tilbake til Bygdehuset
Det vert drikkestasjon på støylen. Turen tar med normal roleg gange rundt 2,5 time. For dei som vil teste forma, vert det opplyst treningstider under 1 time ti minutt (sub 30 minutt på støyl, ca 45 i Skjervheimsdal). Om andre synest det vert langt å gå vegen attende, særleg born, kan vi avtale å prøve å få til henting på Lisjebøen.

2. Fram til Lundehaugen, opp Kleiva til Syltedalen, heim att vegen ned Brekka og attende til Bygdehuset.

3. Fram Lundehaugen, over "Millabrua" til Brekke og attende til Bygdehuset. Denne turen kan også gåast med barnevogn.

Det vil verte ei deltakaravgift for vaksne kr.50,-, barn kr.20,- og familie 100,-.

Deltakarane får utdelt pins etter trimmen v/registrering. Det vert trekning på diverse premier seinare på dagen. Kaffi, saft, kake ved bygdehuset.

   

Førjulskafé 29.november kl.16.00

Laurdag er det klart for førjulskafé. Ta turen for ein hyggeleg samankomst før julemaset set inn. I år får vi innslag med country frå Rovde. Det vert premiering av fjelltrimmen og sjølvsagt åre- og loddtrekning, mat og kaffi.

Zumba og tur haust 2014

Har du lyst å vere med på Zumba eller gåtur i lag med andre?
Det kjem til å verte starta opp med tur, no dei første vekene på måndagar, til Syltedalen, eller andre stader, med start frå bygdehuset.Planen er også å gå i gang med zumba på onsdagar, men dette er meir usikkert om vert kvar gong. Kontakt Randi eller Hilde for å få vite meir.
Og som Vassendgutane syng: "ei ho e for unge, ei anna ei litt tunge", og nokre trur kanskje dei er for gamle, eller ikkje bur på Sylte, eller reknar seg med i miljøet vårt, men her er alle velkomne å verte med!

På biletet ser vi ein trufast turgjengar, Tinka, på tur i Kilebrekkvegen.

Skulle det mot vermeldingane sin gang verte kjempevêr er det også plan om ein fjelltur, kanskje søndag? i det som no ser ut til å få namnet Støylsmannsrunden, ev på Storehornet?

KJEKK HAUSTFEST

45 personar deltok på haustfesten laurdag 18. oktober. Også i år mykje god og variert mat og så super musikk. Vi synst sjølve det var innmari koseleg stemning, noko vi trur dei frammøtte vil vere einige i. For dette må vi berre rette takk til dei som var der, det er de sjølve som gjer til dette. Festen er først og fremst eit trivselstiltak, men gav også eit fint overskot på rundt 6 500 kroner.
Så nyttar vi høvet til også å takke dei som stilte på dugnad som barmannskap på Fårikåltreffet på Fiskå. Dette gav kjekke 4 500 kroner i kassa.

Husbasar 8. mars

Laurdag 8. mars prøver vi med husbasar att. Det er sendt ut skriv om bygda også i år vil støtte opp med premiar til bok og årar. Og så vert vi fole glade om fleire melder seg med kake eller påsmurte rundstykke, og gjerne einkvan som ikkje har bidrege med dette så ofte, sånn at det ikkje vert vi i styret og dei faste gjengangarane som må til kvar gong. Gi oss då beskjed før onsdag.
Men først og fremst håpar vi flest muleg tek turen innom, slik at både vi som bur i bygda og litt utanom kan sjå kvarandre og treffast til ei hyggjeleg stund, og der det også kjem inn midlar til drift og oppussing av huset. Ta turen uansett om du vil bidra med noko eller ikkje.  Vi vert glade for å sjå deg.

Dugnad torsdag

Vi fekk ein god dugnad laurdag, der mykje vart gjort med luking, stell av beda, fjerning av gras, ugras, greiner kvist, vask av kjøken, vindauge, toalett,rydding, pussing av mur og vask av gang, måling av flaggstang, hakking og rens av trapp og parkering ovanfor og spyling av mur og platt på oppsida. Ikkje minst vanka det kaffi,gode sveler, vaflar og kringle.

Nokre såg seg likevel ikkje ferdige og vil ha ei ny runde torsdag. Så er det fleire som vil ta turen innom og hjelpe til, er dei velkomne.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Olav Slettnes | Svar 16.03.2014 23:47

jeg,vi planlegger en stor Finnmarkstur og vil besøke Syltefjord men også andre interessanta steder som Hamningberg,Vadsø og Vardø samt Gamvik og Slettnes fyr.

marte soløy | Svar 06.12.2012 13:53

niiice ! (Y)

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

31.10 | 22:25

Some men int his region wear too long pants/trousers

...
16.03 | 23:47

jeg,vi planlegger en stor Finnmarkstur og vil besøke Syltefjord men også andre interessanta steder som Hamningberg,Vadsø og Vardø samt Gamvik og Slettnes fyr.

...
06.12 | 13:53

niiice ! (Y)

...
09.11 | 01:14

Flotte side :)

...
Du liker denne siden