HUSBASAR

Stor oppslutning rundt arbeid med bygdehuset

Responsen på støtte til renovering av bygdehuset (sjå nedanfor) har altså vore overveldande og har passert 200 000 kroner. Vi seier oss takksame for den store velvilja og støtta. Vi takkar også alle som har gjort dugnad på arbeidet så langt, riving på førehand, nedvask, rydding og liknande. Kanskje særleg til dei fire handverkarane, Ingvar, Jan Ivar, Rune og Geir, som ved sida av godt arbeid elles, har gjort mykje gratisarbeid. Takk også til alle som var med og rydda ute føre 17. mai og no jonsok.

Etter at underetasjen no har vorte gjort storparten med av det som er tenkt, og mellom anna 17. mai vart feira med nye glas og ny vegg (bilete), vert neste trinn å ta overetasjen, noko som er tanken å få starta opp i august. Er det framleis bygdefolk, eller kanskje utflytte eller andre som kan tenkje seg å støtte dette gode tiltaket, kan ein betale inn si gåve til konto 3972 20 31575.

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

31.10 | 22:25

Some men int his region wear too long pants/trousers

...
16.03 | 23:47

jeg,vi planlegger en stor Finnmarkstur og vil besøke Syltefjord men også andre interessanta steder som Hamningberg,Vadsø og Vardø samt Gamvik og Slettnes fyr.

...
06.12 | 13:53

niiice ! (Y)

...
09.11 | 01:14

Flotte side :)

...
Du liker denne siden