ÅRSMELDING 2008

2008

ÅRSMELDING SYLTE KRINS 2008

 

 

Året 2008 starta med ein kjempedugnad i februar, der alle veggane og vindauga vart malte kvite. Det vart sydd og hengt opp nye gardiner, samt ny lysekrune, lamper og bilder av skuleunger og gamle bilder frå Sylte vart hengt opp. Heile bygda stilte opp ei heil helg og fekk dette gjort. Det vart også kjøpt inn to sofagrupper, samt to salongbord.

 

Sylte barnehage stod på alternativer til barnehager iår. Det vart for lite søkjarar til at den kunne opnast i 2008. Det er fortsatt kommuna som drifter bygget.

Sylte krins har ikkje utgifter på bygget anna enn til oppusning og innkjøp av utstyr.

 

På initiativ frå Vanylven vekst (VV) vart det i mai  satt igang et prosjekt på Vidnesbuda. VV gikk inn med midler til maling utanpå, solcellepanel og dei ville også stå for merking og informasjon om båtane, Taket vart også ordna i regi av krinsstyret.

Det var dugnad på rydding inne i buda i mai i samarbeid med VV, der vi stillte med folk og dei spanderte pizza og brus på dei oppmøtte. Solcellepanelet er oppe, men det vart ikkje mala i 2008, malinga står klar. Det står også att merking av båtane.

 

Det vart feira Jonsok i regi av sylte krins i samarbeid med 17.mai komiteen i år og, med servering av rømmegraut på Bygdehuset og bålbrenning og grilling på Vidnesbuda.

 

Det vart også arrangert førjulskafe i november i samarbeid med 17.mai komiteen, med godt oppmøte og overskudd.

 

Etter oppussinga av salen er det mykje utleige av Bygdehuset til lyd og lag. Det vert også brukt av misjonen til Gutteklubb og barneforening.

Vankam leigde et rom i 2.etg til fotballutstyr ut desember,  då sa dei opp avtalen.

 

 

 

 

 

Sylte, 15.02.09

 

 

 

Randi T. Vidnes

Leiar i Sylte Krinsstyre

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

31.10 | 22:25

Some men int his region wear too long pants/trousers

...
16.03 | 23:47

jeg,vi planlegger en stor Finnmarkstur og vil besøke Syltefjord men også andre interessanta steder som Hamningberg,Vadsø og Vardø samt Gamvik og Slettnes fyr.

...
06.12 | 13:53

niiice ! (Y)

...
09.11 | 01:14

Flotte side :)

...
Du liker denne siden