FJELLPOSTAR I SYLTEFJORD

Middagshonnje

Frå Kilebrekka ca 1 time jamn gange

Bjønnen

Du kan gå opp og ned anten frå sørsoda eller nordsida av Kilebrekka. Litt luftig om du går frå sørsida, men finast tur. Ca 1 time gange. Les meir på  https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Bjoernen-rundtur-Kilebrekka-Bjoernen-OEverberg-rute-55B-69

Furenakken

Kan gåast både frå Vidnesstøylen, pluss då ca ein halv time jamn gange til turen, eller frå Skjerveheimsdalen, pluss då på ca 45 minutt. Lettast er å gå frå Kilebrekka, då tar turen ca 50 minutt - 1 time ut, litt mindre attende. Ein kan også gå turen som ein del av Støylsmannsrunda, der vi anbefalar å først gå på Støylsmannsheida. Sjå elles meir om denne turen på  https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Stoeylsmannsrunda-rundtur

STØYLSMANNSHEIDA

Turen kan gåast frå Kilebrekka, ca 1 time jamn gange frå kroa, eller frå raud hytte i svingen mot Syltefjorden og nordover langs kraftlina til ein møter den merka ruta frå kroa.
Ein kan også til dømes gå opp frå Vidnes til Vidnesstøylen, på nordsida av Vidnesvatnet, inn til posten, ca 2 timar gange, og ned att på Kilebrekka (eller omvendt :-)). Denne turen vil verte merka i løpet av sommaren. Det vil også ein rundtur frå svingen sør på Kilebrekka, utover til Furenakken, rundt Vidnesvatnet og nordover til posten/støylsmannsvatnet, der ein kan følgje rute 54 attende til kroa, eventuelt ta av attende til startpunktet når ein har passert Raudegrøtvatnet på veg innover.
På sida http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Syvde-OEverberg-rute-54 finn du beskrivelse av denne ruta med kartutsnitt som også viser rutene som er omtala over.

VIDNESSTØYLEN

Fin tur i variert terreng, god stigning frå Vidnes. Flott utsikt på toppen. Turen tek ca 1,5 time opp og ned. Ein kan gå over til Skjervheimsdalen derifrå, der er også ei bok. Ein går då  skogsveien nedatt til Lisjebøen og tilbake til Vidnes. Turen tek totalt ca 2,5 timer.

Utsikt frå Vidnesstøylen

EKREMSDALEN

Ein fin tur på skogsveg, med god stigning. Ein grei tur som tek ca 50 minutt opp og ned.
Utsikt attende frå skogsvegen nesten oppe

AUSA

Ein fin tur på grusveg, god stigning. Turen tek ca 50 minutt opp og ned.
Leon i øvste svingen

SKJERVHEIMSDALEN

Ein fin tur på Skogsvei opp til ei lita Sæter. Turen tek ca ein time opp og ned. Ein kan gå vidare over til Vidnesstøylen og nedatt til Vidnes. Turen tek då totalt ca 2,5 timer.

SYLTEHORNET - EKREMSDALEN

28. juni 2012 vart det sett opp boks med bok på Syltehornet, eller rettare på eit utsiktspunkt litt nordom sjølve hornet. Sommaren 2013 vart han flytta til sjølve Syltehornet.
Startar ein frå Syltedalen, der det er best å parkere, tar det om lag 30 minutt til enden av vegen på Ausenakken og i underkant av 1,5 time roleg gåing vidare til toppen, slik at ein kan rekne ein vel tre timars tur fram og attende til Syltedalen.

Det er også merka vidare sørover mot Ekremsdalen, der ruta er lagt slik at ein får eit flott utsyn over dalane på Åheim og Gusdalbruddet, før ein svingar ned mot Ekrem. Denne delen av turen tar nok eit par timar med roleg gåing ned til Skallane,slik at turen frå Syltedalen tar totalt ca fire timar. På Skallane må ein eventuelt må ha bil/henting til Syltedalen att, om ein ikkje er modig på tre kilometer med oljegrus.

Andre vegen vil vi tru det går i rundt tre timar frå Skallane til Syltehornet og ein time ned på Syltedalen, slik at ein også denne vegen må rekne at turen tar vel fire timar med roleg gåing, pluss eventuelle pausar, kanskje litt lengre, sidan ein her startar lavare enn om ein om ein går frå Syltedalen.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Kurt Frode | Svar 25.08.2012 00:46

Kvifor skal de skifte ut posten på Bjørnen skal tru?

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

31.10 | 22:25

Some men int his region wear too long pants/trousers

...
16.03 | 23:47

jeg,vi planlegger en stor Finnmarkstur og vil besøke Syltefjord men også andre interessanta steder som Hamningberg,Vadsø og Vardø samt Gamvik og Slettnes fyr.

...
06.12 | 13:53

niiice ! (Y)

...
09.11 | 01:14

Flotte side :)

...
Du liker denne siden